torsdag 1. september 2011

Intervju med Espen Dale



No er det skulestart og me startar hausten med eit intervju med Espen Dale (18) ved VG3 påbyggjing på Borgund VGS.


Kva har du gjort denne sumarferien?

Han har jobba for Nordal Kommune, ikkje med jordbærplukking, men med vedlikehald av kommunale eigendommar. Her har han lagt ned innsats som er ein helt verdig.


Er du klar for endå eit skuleår etter sumarferien?
Han er kjapp til å svare at dette faktisk er det einaste skuleåret der han er verkeleg motivert til å gjere det bra. Han skal gjere sitt beste.


Kva har du fullført av videregåande skule før dette året med påbyggjjing?

Han har klare planar om kva vidare utdanning han skal ta. Han skal bli ein lovens handhevar, ein mann i uniform. Han skal bli politi.
Han synst det verkar som eit meget interessant yrke med ein spennande arbeidsdag der ein kjem opp i varierte situasjonar der ein blir utfordra personleg til å opptre proffesjonelt.
Planane er å vere politi i Ålesund, ein by han betraktar som sin heimby.


Kvifor har du valt å gå påbygg?
Av den enkle grunn av at ein må ha ha studiekompetanse for å kome inn på Politihøgskulen.


Kva er vidare planar når det kjem til utdanning?

Utdanning ved Poltihøgskulen fyrst, men om han skal etterutdanne seg etter ei karriere som politi veit han ikkje. Det får han finne ut når den tid kjem.


Når fann du ut at det var politi du ville bli?

I januar i 2011. Dette fann han ut ved å sjå på tv-serien Politiet på TVNorge. Denne serien har gitt han eit unikt innblikk i kvardagen til norsk politi og dette var noko han fann særs interessant og verkeleg fekk ei interesse for.


Evt. har du planar om å gjere noko formelt med det du lærte på VG1 og VG2 (dvs vere lærling)?

Nei, han har ingen planar om dette. Interessa er ikkje der og einaste grunnen til at han valte dei faga han valte (TIP og Industriteknologi) er fordi han ikkje visste kva han ville gå.


Denne hausten er det val av kommune- og fylkeskommunestyre i Noreg. Har du nokre tankar rundt dette valet?
Valkampen er særs dårleg opplagt og ingen anar verkeleg kva dei forskjellige parti står for. Det er berre dei personane som oppsøkar dei som faktisk veit kva partia står for. Dette irriterar Espen grenselaust. På spørsmål om ikkje terrrorhandlingane i Oslo og på Utøya kan ha hatt noko å seie for dette svarar han at han ikkje har tenkt på den vinklinga, men det er ikkje utenkeleg.


Er du politisk aktiv? Og evt kva parti høyrer du til?

Nei, har er ikkje politisk aktiv fordi han følar seg for ung og uerfaren. Espen vel å halde sine politiske meininger for seg sjølv.

Er det nokon saker du brenn meir for enn andre og kvifor akkurat desse sakene?
Han tek seg god tid til å tenkje seg om og vil trekkje fram at han er veldig mot EU og EU-medlemskap. For ein betre helse- og eldrepolitikk. Utbetring av vegnett og få i stand eit velfungerande transportsystem. Resten av Noreg må få dei godene dei berre opplevar i sentrale regionar på Austlandet.

Og der må eg setje strek for intervjuet og eg ynskjer Espen lukke til med skuleåret og vidare utdanning.