onsdag 11. januar 2012

Egenvurdering

Nytt elevråd og ny elevrådsleder

Saka er ein presentasjon av den nye elevrådasleiaren og det nye elevrådet. Denne saka valde vi å skrive for at elevane ved Borgund VGS skulle få eit slags forhold til den nye leiaren og det nye elevrådet. Eg vel å vurdere denne artikkelen fordi den er eit samarbeid mellom meg og ein anna medarbeidar i Borgund Times og derfor

Eg har samanarbeida med Camilla E om heile artikkelen og vi bestemte oss fyrst for å skrive artikkelen på ein slik måte at alle elevane ved skulen får eit "nærmare" og litt meir personleg forhold til Bratthaug. Dette valde vi å gjennomføre ved å stille nokon spørsmål som omhandlar fritida hans og kva han fyller den med.

Intervjuet vart ganske enkelt delt opp i to: Vi byrja med å snakka om elevrådet og elevrådsarbeid før vi etterkvart gjekk over til å snakke om fritida til Bratthaug. Når vi skulle leggje intervjuet inn i nettavisa valde vi å gjere det på ein slik måte at intervjuet vart mindre statisk og fekk meir flyt. Dette gjorde vi med å ikkje skrive det som spørsmål - svar, spørsmål - svar.

Bra:
- God flyt i teksten
- Lettlest
- Bra bilete
- Grei overskrift
- Grei ingress

Dårleg:
- Spørsmåla burde vore utheva
- Skrivefeil ("forrige året", "hr")

torsdag 1. desember 2011

Analyse av utlevert reklame for Unhate, av United Colors of Benetton.

United Colors of Benetton (UCoB) sin underorganisasjon Unhate sendar ein bodskap om at verda må forenast i kjærleik. Dette sei dei ved å lage ei reklame der pave Benedict XVI kyssar Mohammed Ahmed al-Tayeb som er øverste religiøse leiar i al-Azhar mokséen i Kairo. Denne reklame var vist fram på store reklameplakatar rundt om i verda, blant anna i Roma. Dette provoserte pavekyrkja som gav UcoB beskjed om at dei kom til å gjennomføre rettslege aksjonar mot Benetton som fylgje av at reklama skada «not only the dignity of the Pope and the Catholic Church, but also the sensibilities of the believers.»

Sendar er organisasjonen Unhate. Kodinga er kva personar legg i eit kyss mellom to menn. Bodskapen er at folk ikkje må hate andre menneske berre fordi dei er ulike (døma i denne reklama er homofili og anna religion). Kanalen er via reklameplakatar. Avkodinga er korleis mottakarane tolkar reklama (Pavekyrkja tolka som ein fornærmelse mot alle katolikkar). Støy vil i denne samanhengen vere feiltolkningar. Tilbakemeldinga som Unhate fekk var at Pavekyrkja sa dei kom til å gjennomføre rettslege sanksjonar.

Det som påverkar korleis Pavekyrkja tolkar reklameplakaten er deira religiøse tru.

torsdag 1. september 2011

Intervju med Espen Dale



No er det skulestart og me startar hausten med eit intervju med Espen Dale (18) ved VG3 påbyggjing på Borgund VGS.


Kva har du gjort denne sumarferien?

Han har jobba for Nordal Kommune, ikkje med jordbærplukking, men med vedlikehald av kommunale eigendommar. Her har han lagt ned innsats som er ein helt verdig.


Er du klar for endå eit skuleår etter sumarferien?
Han er kjapp til å svare at dette faktisk er det einaste skuleåret der han er verkeleg motivert til å gjere det bra. Han skal gjere sitt beste.


Kva har du fullført av videregåande skule før dette året med påbyggjjing?

Han har klare planar om kva vidare utdanning han skal ta. Han skal bli ein lovens handhevar, ein mann i uniform. Han skal bli politi.
Han synst det verkar som eit meget interessant yrke med ein spennande arbeidsdag der ein kjem opp i varierte situasjonar der ein blir utfordra personleg til å opptre proffesjonelt.
Planane er å vere politi i Ålesund, ein by han betraktar som sin heimby.


Kvifor har du valt å gå påbygg?
Av den enkle grunn av at ein må ha ha studiekompetanse for å kome inn på Politihøgskulen.


Kva er vidare planar når det kjem til utdanning?

Utdanning ved Poltihøgskulen fyrst, men om han skal etterutdanne seg etter ei karriere som politi veit han ikkje. Det får han finne ut når den tid kjem.


Når fann du ut at det var politi du ville bli?

I januar i 2011. Dette fann han ut ved å sjå på tv-serien Politiet på TVNorge. Denne serien har gitt han eit unikt innblikk i kvardagen til norsk politi og dette var noko han fann særs interessant og verkeleg fekk ei interesse for.


Evt. har du planar om å gjere noko formelt med det du lærte på VG1 og VG2 (dvs vere lærling)?

Nei, han har ingen planar om dette. Interessa er ikkje der og einaste grunnen til at han valte dei faga han valte (TIP og Industriteknologi) er fordi han ikkje visste kva han ville gå.


Denne hausten er det val av kommune- og fylkeskommunestyre i Noreg. Har du nokre tankar rundt dette valet?
Valkampen er særs dårleg opplagt og ingen anar verkeleg kva dei forskjellige parti står for. Det er berre dei personane som oppsøkar dei som faktisk veit kva partia står for. Dette irriterar Espen grenselaust. På spørsmål om ikkje terrrorhandlingane i Oslo og på Utøya kan ha hatt noko å seie for dette svarar han at han ikkje har tenkt på den vinklinga, men det er ikkje utenkeleg.


Er du politisk aktiv? Og evt kva parti høyrer du til?

Nei, har er ikkje politisk aktiv fordi han følar seg for ung og uerfaren. Espen vel å halde sine politiske meininger for seg sjølv.

Er det nokon saker du brenn meir for enn andre og kvifor akkurat desse sakene?
Han tek seg god tid til å tenkje seg om og vil trekkje fram at han er veldig mot EU og EU-medlemskap. For ein betre helse- og eldrepolitikk. Utbetring av vegnett og få i stand eit velfungerande transportsystem. Resten av Noreg må få dei godene dei berre opplevar i sentrale regionar på Austlandet.

Og der må eg setje strek for intervjuet og eg ynskjer Espen lukke til med skuleåret og vidare utdanning.

torsdag 25. august 2011

Meg, mitt liv og virke

HEI EG HEITER TOR OLAV HÅPAR DU LES DETTE SOM ROPING I HOVUDET DITT!

Sidan dette innlegget skal vere kort, om meg og kva eg likar så blir det masse fine bilete. <333

Fin song du kan høyre medan du les innlegget. <3


Her er eit bilete som kort oppsummerar to ting som er særs relevante for mine interesser; LEGO og Star Wars. (EIN BLIR ALDRI FOR GAMAL FOR LEGO! :@)



Desse to bileta sei fort og konkret om ei av mine styrste interesser; Eg likar konsertar og festivalar. Det øverste biletet er frå då Mastodon spelte på Norwegian Wood 12. juni 2011 og det siste er frå då Kvelertak varma opp for Mastodon i Peer Gynt-salen i Bergen 13.juni i år. /hjarte

Elles brukar eg greitt med tid som INTERNET SUPERHERO fordi omtrent alle mine beste venar bur overalt elles i landet enn i nærleiken der eg kan kose med dei. :(

Dessutan er eg straight edge.


HEHE multibilete med to andre interesser som eg likar! <333

Elles er vil eg berre sei at Twitter <333 og Last.fm <333