onsdag 11. januar 2012

Egenvurdering

Nytt elevråd og ny elevrådsleder

Saka er ein presentasjon av den nye elevrådasleiaren og det nye elevrådet. Denne saka valde vi å skrive for at elevane ved Borgund VGS skulle få eit slags forhold til den nye leiaren og det nye elevrådet. Eg vel å vurdere denne artikkelen fordi den er eit samarbeid mellom meg og ein anna medarbeidar i Borgund Times og derfor

Eg har samanarbeida med Camilla E om heile artikkelen og vi bestemte oss fyrst for å skrive artikkelen på ein slik måte at alle elevane ved skulen får eit "nærmare" og litt meir personleg forhold til Bratthaug. Dette valde vi å gjennomføre ved å stille nokon spørsmål som omhandlar fritida hans og kva han fyller den med.

Intervjuet vart ganske enkelt delt opp i to: Vi byrja med å snakka om elevrådet og elevrådsarbeid før vi etterkvart gjekk over til å snakke om fritida til Bratthaug. Når vi skulle leggje intervjuet inn i nettavisa valde vi å gjere det på ein slik måte at intervjuet vart mindre statisk og fekk meir flyt. Dette gjorde vi med å ikkje skrive det som spørsmål - svar, spørsmål - svar.

Bra:
- God flyt i teksten
- Lettlest
- Bra bilete
- Grei overskrift
- Grei ingress

Dårleg:
- Spørsmåla burde vore utheva
- Skrivefeil ("forrige året", "hr")